|
Kurs i bygdedans i Fjoset 20.og 21.mars |
|
|
|
|
Kurs i folkedans; springar, gangar, turdans og litt gamaldans for både vaksne og barn. Lørdag 20. og sundag 21.mars kl. 13-17.
Arr: Nes Nasjonale Dansarring |
|
Sommarviku 2010 9.-13.august |
|
|
|
|
Denne sommaren inviterar vi skulebarn frå 7-13 år til sommarviku på Evju Bygdetun siste ferieveka i august (9.-13.august). Dette bir tredje sommaren vi tek imot barn til arbeid og leik i samhandling med gardsgutt, gardsjenter og besteforeldre. Geiteflokken blir stadig større og vi ventar fleire killingar nå på våren. Dei små kyllingane som kom sist sommar har nå blitt verpedyktige høner, men kanskje dei vil ligge på egg når vårsola varmar.
Sommarutstillinga i år blir om leikar og barndom gjennom dei siste 100 år. Vi vil leggje vekt på aktivitetar både ute og inne for alle som kjem på besøk. Barna i Sommarviku kan få vise både dyr og leikar til publikum.
Matkulturen i Eldhuset, med tre tradisjonelle måltider kvar dag, blir snakka om i bygda. Gardskjerringa Jorid får stadig spørsmål om kva som var i den gode fiskegratengen eller vassgrauten. Foreldre spør om korleis vi får barn til å ete så mykje sunn mat. Vi trur det er fordi ungane er med å lagar alt sjølv, og det smakar kanskje ekstra godt i museumsomgivelsar på bygdegarden vår.
Det er plass for ca. 25 barn denne veka, men om det blir så stor interesse som sist år, kan vi også ta imot ei gruppe barn veka før (2.-6.august).
Påmelding til e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
eller ring tlf 93 20 93 55
|
|
|
|
|
|