Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)

Kontakt

Evju Bygdetun

Sætrevegen 44 (vis i kart)

3810 Gvarv

Tlf:    35 95 57 08
Mob: 93 20 93 55

E-post: post@evjutunet.no

Sprang/bregding PDF Skriv ut E-post

SPRANG – BREGDING

På Evju Bygdetun er det ei stor samling med handarbeid etter Helga Evju, 1894-1947. Ho hadde prøva seg på mange ulike teknikkar, men det var sprang ho lika best. Det lærte ho på Statens Kvindelige Kunstindustriskole i Oslo, der ho gjekk eitt år på avdelinga for Prydsøm og knipling i 1927/1928.

Sprang eller bregding er eit eldgammalt handarbeid. Det er det eldste handarbeidet som vi kallar vårt i Norge. For å laga sprang, bregde, må ein ha ei ramme med to metallstenger. Det blir rent i åttetal rundt stengene slik at ein får under- og overtrådar. Overtrådane held ein med venstre hand. Ein startar med å ta opp to undertrådar med høgre hand og så sleppe ein overtråd. Da lagar ein eit slyng. Vidare tek ein opp ein undertråd og slepper ein overtråd omgangen ut. Det blir ikkje bruka innslagstråd, men kvar omgang blir stengt med ein pinne. Neste omgang startar ein med å ta opp ein undertråd og held så fram som i fyrste omgang. For å få holmønster tek ein opp eit slyng på forrige omgang.  Det blir laga holmønster på annankvar omgang slik som i kunststrikk.

Slynging er eit gammalt ord for sprang . Det blir også kalla norske kniplingar. I Skjåk kallar dei sprang for ramslått – slått i ramme. I ein del bygdelag blei ordet sprang bruka om ei bord eller eit mellomverk. Derfor blei det snakka om fletta sprang og bregda sprang. Fletta sprang er det som i dag kallast firfletting, og bregda sprang er det som i dag kallast sprang eller bregding. Teknikken blir kalla sprang i engelsktalande land.

Før i tida nytta dei sprang til å lage klede som t.d. genserar, vottar og luer. Det seiast at sprang var forløparen til strikking. Elles blir det bruka til bl.a. pyntehandkle, dukar, gardiner, julehandkle, puter og kyrkjetekstilar.

Det eldste arbeidet ein kjenner til i Norge, er ein strømpelegg frå 300-400 år e. Kr. Den blei funne i ei myr på Tegle i Time på Jæren i 1921, og er nå på Stavanger museum.

I Danmark fann dei ei lue i 1871. Den var frå eldre bronsealder, 1400-1200 år f. Kr. I Vejle i Danmark vart det funne eit hårnett i 1835. Det blei kalla ”Dronning Gunhilds hårnett” fordi ho drukna i dette området 800-500 år f. Kr.

I egyptiske graver er det funne restar av sprangarbeid frå  om lag 2000 år f. Kr. Det største tekstilfunnet blei gjort i koptiske graver i Egypt rundt 1880. Arbeida er frå 400-500 år e. Kr.

Duk bregda av Helga Evju:

duk2

 
Levert av Arkitektum