| Stabbur og vengebur |
|
|
|
![]() Vengeburet Dette sjeldne buret er frå 1700-talet. Det stod på garden Stenningen på Holtsås før det vart flytta til Evju på 1980-talet. Vengebur er ein spesiell type bur i Midt- og Aust-Telemark. Det har svalgang på to sider, og det blei bruka til å tørke korn, lin og anna i. Både korn og mjøl blei oppbevart i byrer inne i buret. Vengeburet var på den måten kornkammeret på garden. Dette buret er det einaste i sitt slag i Sauherad kommune. ![]() |







