| Beltevevarstugo |
|
|
|
Hælge Olsdotter Innleggen var fødd i Storskott på Lifjell i 1840. Ho flytte til Innleggen Åsareset i Sauherad rundt 1880. Der sette ho opp den gamle tømra som nå er flytt til Evjutunet.
![]() Stugo var hennar bustad på Innleggen i Åsareset på Gvarv frå rundt 1880 til ho døydde i 1923. Hælge Olsdotter utmerka seg på mange felt innan husflidsarbeid, men spesielt blei ho kjent for belteveving. Ho fekk derfor tilnamnet Hælge Beltevevar. Hælge fekk fleire utmerkingar for arbeida sine - mellom anna "Norges Vels Sølvmedalje" ved amtutstillinga i 1899 og "Norges Jubileumsutstillings sølvmedalje" i 1914. På slutten av 1800-talet leverte ho brikkebandsbelte til dei finaste beltestakkane i Midt- og Aust-Telemark. Olav Bentsrud i Heddal fortalde at Hælge Olsdotter reiste med båten til Notodden kvar vår. Då hadde ho med seg fleire belte som ho hadde vove om vinteren. Desse leverte ho til kvinner i Heddal og Sauland. Ho hadde sjølv konstruert ein vevstol som ho fekk ekstra god kvalitet på belta med, og på den kunne ho renne fleire belte om gongen. ![]() Inne frå stugo med belteveven midt på bildet. Storskottbelta blei det offisielle namnet fordi Hælge var fødd i Storskott. Belta skil seg klart ut frå andre, både i kvalitet og farger. Brikkebandsbelta er spesielle for Aust-Telemark og har tradisjonar langt tilbake i tida. Då Anne Bamle kom med Heddalsbunaden i 1920-åra, hadde ho fått informasjon og lærdom av Hælge. Hælge sat inne med rike tradisjonar og viten om folkedraktene, både strikking, rosesaum - spesielt flammesaum og farger. Varianten av Aust-Telemarkbunaden som i dag blir kalla beltestakken, har namn etter Hælge. |







