Norsk bokmål (Norway)

Kontakt

Evju Bygdetun

Sætrevegen 44 (vis i kart)

3810 Gvarv

Tlf:    35 95 57 08
Mob: 93 20 93 55

E-post: post@evjutunet.no

Første samling av aktørane til Evjuspelet 2010, 15.feb PDF Skriv ut E-post

Måndag 15.februar var tolv av aktørane til Evjuspelet 2010 samla i Raudstugo på Evju Bygdetun. Roar A. Bøye stilte med ferskt, omarbeida manus, og gardskjerringa Jorid stilte med ferske fastelavnsbollar. Heile staben frå 2009 med unntak av to aktørar stiller igjen, og vi har nå tatt med alle som står på venteliste for å vera med i "Sauherad - et sant eventyr". Nytt i år er fem proffesjonelle musikarar som blir ein del av scenebildet. Endå fleire av eventyrmodellane til Erik Werenskiold og dei eventyrlege skapningane til Th. Kittelsen vil utspele seg i tunet.

Nærmare 50 leikne aktørar gledar seg til å vise Evjuspelet 2010 for vårt trufaste publikum og nye familiar på ferie i Telemark første sundag i fellesferien. Vi har avtale med fleire grupper som får sjå spelet på busstur måndag 12.juli kl. 15. Evjuspelet 2010 blir framført sundag 11.juli, måndag 12.juli og tysdag 13.juli kl. 19.00. 

 
Levert av Arkitektum