Norsk bokmål (Norway)

Kontakt

Evju Bygdetun

Sætrevegen 44 (vis i kart)

3810 Gvarv

Tlf:    35 95 57 08
Mob: 93 20 93 55

E-post: post@evjutunet.no

Har skjedd
Første samling av aktørane til Evjuspelet 2010, 15.feb PDF Skriv ut E-post

Måndag 15.februar var tolv av aktørane til Evjuspelet 2010 samla i Raudstugo på Evju Bygdetun. Roar A. Bøye stilte med ferskt, omarbeida manus, og gardskjerringa Jorid stilte med ferske fastelavnsbollar. Heile staben frå 2009 med unntak av to aktørar stiller igjen, og vi har nå tatt med alle som står på venteliste for å vera med i "Sauherad - et sant eventyr". Nytt i år er fem proffesjonelle musikarar som blir ein del av scenebildet. Endå fleire av eventyrmodellane til Erik Werenskiold og dei eventyrlege skapningane til Th. Kittelsen vil utspele seg i tunet.

Nærmare 50 leikne aktørar gledar seg til å vise Evjuspelet 2010 for vårt trufaste publikum og nye familiar på ferie i Telemark første sundag i fellesferien. Vi har avtale med fleire grupper som får sjå spelet på busstur måndag 12.juli kl. 15. Evjuspelet 2010 blir framført sundag 11.juli, måndag 12.juli og tysdag 13.juli kl. 19.00. 

 
Innføring i forteljing 6.mars kl. 13-17 PDF Skriv ut E-post

Innføring i forteljing på Blårommet/Oppstugo på Evju Bygdetun med forteljar Astrid Holtskog laurdag 6.mars kl. 13-17.

Korleis huske ein tekst og formidle den vidare?

Servering av risgraut saman med bygdedanskurset.

Kurspris med servering; kr 500,-.

Påmelding innan 27.februar til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Kurset er avlyst på grunn av for få påmeldte.

Vi vonar å kunne invitere til dette seinare i "Sauherad -et sant eventyr"

 

 
Julegilde 9. januar 2010 kl 1900 PDF Skriv ut E-post

Velkomen til musikk i Fjoset av Evjus gardsorkester frå sommaren 2008 med Jan Sigudr Pettersen, Trond Ytterbø, Harald Foss, Arne Petter Akseth, Torstein Nyhus og Bjørn Brenne. Smak av maltøl frå Evju Bryggelaug og gardens eigen pæreog eplemost.

Velkomen inn i julepynta Våningshus til Matkultur:

1. Varmrøykt aure frå eige røykeri med peparrotkrem frå urtehagen og brød frå steinomnen i Eldhuset.

2. Urtemarinert og langsteikt lammelår frå steinomnen med fløtesaus, rotmos, gravenstein med rognebærgele og jordeple (poteter)

3. Karamellpudding av nylagte egg frå gardens fargerike høner med fløte/rjomekrem og kaffe.

Salg av høveleg drikke til og kaldt ollevatn på bordet.

Kulturprogram under måltidet.

Dans i Fjoset utover kvelden.

Pris pr pers for mat og program: kr.400,-

Dans i

 
Måndag 28. desember kl. 19.00: Juletrefest. PDF Skriv ut E-post
Velkomen til god gamaldags juletrefest 4. juledag på Evju. Det blir julemat, underhaldning og gang rundt juletreet.
 
<< Start < Forrige 1 2 3 Neste > Siste >>

Side 1 av 3
Levert av Arkitektum