Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)

Kontakt

Evju Bygdetun

Sætrevegen 44 (vis i kart)

3810 Gvarv

Tlf:    35 95 57 08
Mob: 93 20 93 55

E-post: post@evjutunet.no

Velkommen til Evju Bygdetun PDF Skriv ut E-post

Evju Bygdetun Sauherad er eit levande og interessant bygdetun og museum i Midt-Telemark, 4 km frå Gvarv mot Hørte og 6 km frå Bø sentrum. Dei gamle husa er frå 17- og 1800-talet. Både inventar og dei mange bruksgjenstandane fortel om ein gard der eigarane heldt fast på bygdetradisjonane. Særmerkt er den store samlinga med stasknivar og sprangarbeidet. Vengeburet, Møllargutstugo, Beltevevarstugo og Holtanstugo er blitt flytt til Evjutunet i dei seinare åra. Kvar stugu har si soge. Geitene mekrar og hønene kaklar i det vakre tunet. Små og store er velkomne til å oppleve ein ekte eventyrgard i "Sauherad - et sant eventyr".

Om sumaren er Evju Bygdetun Sauherad ope kvar dag frå og med 24. juni  til og med 16. august frå kl. 12:00 - 17:00.
Ein kan få kjøpe mat i "Eldhuset". Vi tek imot bestilling frå grupper og lag heile året. Mange feirar bryllaup og andre merkedagar på tunet. Vi lagar opplevingar for ulike grupper etter avtale (opp til 80 stk.).

Program for 2011

 
Levert av Arkitektum