| About Evju |
|
|
|
|
Evju Bygdetun Sauherad er eit levande og interessant bygdetun og museum i Midt-Telemark, 4 km frå Gvarv mot Hørte og 6 km frå Bø sentrum. Dei gamle husa er frå 17- og 1800-talet. Både inventar og dei mange bruksgjenstandane fortel om ein gard der eigarane heldt fast på bygdetradisjonane. Særmerkt er den store samlinga med stasknivar og sprangarbeidet. Vengeburet, Møllargutstugo, Beltevevarstugo og Holtanstugo er blitt flytt til Evjutunet i dei seinare åra. Kvar stugu har si soge. Geitene mekrar og hønene kaklar i det vakre tunet. Små og store er velkomne
Det var i dette landskapet målaren Erik Werenskiold (1855 - 1938) fann inspirasjon til mange av sine kjente naturmåleri, blant andre bondemåleria "Telemarksjenter" (1883) og "En bondebegravelse" (1885). Sauherad kommunene ligg sentralt til mellom byane Skien og Notodden og nærleiken av "Sommarland" i Bø. Vi anbefaler ein kombinasjonstur Sommarland og Evjutunet. |






